Gol kommune følgjer Folkehelseinstituttet (FHI) sine anbefalingar og tilbyr oppfriskningsdose med koronavaksine for:
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre.
- Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorlig sjukdomsforløp.
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom.
- Gravide i 2. og 3. trimester.
Dette vil for dei fleste være dose 4, men for enkelte med alvorlig svekka immunforsvar vil det væra dose 5.
I tilfelle kor det er bekrefta covid-19-infeksjon bør ein vente 3-4 månader med å ta ein ny oppfriskningsdose. Vaksine kan likevel vert gjeve tidlegast 3 veker etter infeksjon, dersom det er behov for rask oppdatering av koronasertifikat, men eit lenger intervall vil vere fordelaktig med tanke på å få god vaksineeffekt og redusere risiko for biverknader.
Oppfriskningsdose 18-64 år utan risikotilstandar
Det er også no opna opp for at dersom du er i aldersgruppa 18-64 år og ikkje har noen risikotilstandar, har du mogelegheit til å ta ein ny oppfriskningsdose dersom du sjølv ynskjer det.
Vaksinering går føre seg ein gong i uka, eventuelt kvar 14.dag etter behov.
Ring vaksinetelefonen for time til vaksinering.
Vaksinetelefonen
Telefon: 457 23 560
Opningstider: Tysdag og torsdag frå klokka 09.00 - 11.00