For at brøytemannskapane skal få gjort arbeidet sitt, ber me alle om å ikkje parkere på vegarealer (grøfter inngår også i vegareal).
Me minner også om at det ikkje er tillaten å parkere på snu- og møteplassar.
Kva forventar me av deg?
- At du som trafikant er forberedt på føreforhold, enten du går, syklar eller køyrer.
- At du parkerer slik at brøytebilen kjem fram.
- At du ikkje legg snø frå eigen eigedom ut i vegen eller i veggrøfta. Grøfta treng me til å legge snø frå vegen.
- At du har forståing for at vêrforholda av og til kan gøyra det vanskeleg å innfri forventingane til oss.