Det er mykje snø i terrenget no, og dette går spesielt ut over rådyra. Mange av desse vil difor trekke nedover til vegar og bustadsområde på søk etter næring.
Me vil difor oppfordre alle til å ta omsyn, og spesielt gjeld dette for dei som har hund.
Vår lokale forskrift om hundehald har bestemmelser om båndtvang heile året i tettsteder, område med bustad, område regulert til offentleg formål, på kyrkjegardar og tilrettelagte friluftsområde.
Skiløparar vert oppfordra til å ha hund i bånd, sjølv om det ikkje er bandtvang her utanom juleferie, vinterferie og påskeferie.