Kva er radon
Radon er ein usynleg og luktefri edelgass som blir danna ved nedbryting av grunnstoffet radium. Av radon blir det danna såkalla "radondøtrer". Ved innanding kan desse feste seg til bronkiane og luftvegen og gi helseskadeleg stråling. Høge konsentrasjonar innandørs kan vere ei medverkande årsak til auka risiko for lungekreft.
Radongass kan kome inn i bustader gjennom sprekker eller hol i kjellargolv, grunnmur, rundt rørgjennomføringar, sluk osb.
For alle nybygg skal det setjast i verk tiltak som hindrar inntrenging av radongassar.
Husbanken har tidlegare gitt tilskot til tiltak mot Radon. I samband med dette tilrådde Husbanken 2 målingar (2 dosimeter), sidan det gir ein betre kontroll. Husbanken har for tida ingen middel til slike tiltak.
Kven målar radon?
Miljøretta helsevern Hallingdal (mhvh.no) kan gi hjelp til å utføre målingar av radonkonsentrasjonen i eksisterande bustader.
Krav om radonsikring
Krav til radonsikring gjeld alle bygningar berekna for varig opphald - også hytter - ref. teknisk forskrift TEK10
Nye bygg
§ 13-5. Radon
- Bygning skal prosjekteres og utføres med radonforebyggende tiltak slik at innstrømming av radon fra grunn begrenses. Radonkonsentrasjon i inneluft skal ikke overstige 200 Bq/m3.
- Følgende skal minst være oppfylt:
- a) Bygning beregnet for varig opphold skal ha radonsperre mot grunnen.
- b) Bygning beregnet for varig opphold skal tilrettelegges for egnet tiltak i byggegrunn som kan aktiveres når radonkonsentrasjon i inneluft overstiger 100 Bq/m3.
- Annet ledd gjelder ikke dersom det kan dokumenteres at dette er unødvendig for å tilfredsstille kravet i første ledd.
Eksisterande bygg
Radon-membran kan også brukast innandørs for å tette mot grunnen. Dette kan vere vanskeleg etter som det er innfløkt å tette der deleveggar og andre konstruksjonar står. Det vil lett oppstå lekkasjar.
Det kan ventilerast i bustaden med ymse typar ventilasjon. Balansert ventilasjon eller lufteluker ved låge verdiar.
Radon-brønn; Det blir då ventilert i grunnen under huset, gassen blir fjerna før han kjem opp i bygget.
Eksterne nettstader med informasjon
Radonkart for Hallingdal (mhvh.no)
Kontaktinformasjon
Miljørettea helsevern
Telefon: 409 09 256 eller 409 09 257
E-post: mhvh@hallingdal.no