Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Offentleg ettersyn - Reguleringsendring Storefjellstølen

Gol kommune har vedteke å legge endring av reguleringsplan for Storefjellstølen ut til offentleg ettersyn. Utval for natur og næring gjorde vedtaket i møte 24. januar 2023, som sak 3/2023. Vedtaket er gjort i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11.

Planforslaget legg til rette for meir konsentrert fritidsbusetnad, auka mønehøgder og omlegging av veg. 

Planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 28. januar til 13. mars 2023. Det blir varsla i Hallingdølen laurdag 28. januar 2023. Partar blir varsla ved særskild brev.

Plandokumenta er tilgjengelege på Gol bibliotek og Gol kommunehus. Dersom du har innspel eller merknader til planforslaget må det sendast skriftleg til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 GOL eller til postmottak@gol.kommune.no seinast 13. mars 2023