Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Varsel om oppstart - reguleringsplan for gbnr. 13/82, Golsfjellet

Det er varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan for eigedom gbnr. 13/82 ved Rustemyrvollen nær Kamben. Varselet er gjort i medhald av plan- og bygningslova § 12-8.

Eigedom gbnr. 13/82 består i dag av eit sameige med tre eksisterande hytter. Formålet med reguleringsplanen er å dele opp eigedomen i fire tomter med felles tilkomst i tråd med avgjerd i Jordskifteretten. Detaljar kjem fram av vedlagt planinitiativ under. Planinitiativet vart behandla i kommuneplanutvalet 22. august 2023 som sak 39/2023.

Innspel til planarbeidet

Dersom du har innspel eller merknader til planarbeidet kan du sende dei skriftleg til Asplan Viak AS, Sundrejordet 4, 3570 ÅL eller på e-post til aal@asplanviak.no innan 10. oktober 2023.