I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 har kommunedirektøren, etter fullmakt frå utval for natur og næring, godkjent endring av detaljregulering B4 Petterbråten II.
Endringa omfattar justeringar og fjerning av nokre tomtegrenser ved tomtene 13 til 17, samt justering av veg V2.
Vedtaket kan påklagast til Statsforvalteren i Oslo og Viken. Klage skal stilast til Statsforvalteren, men skal sendast til kommunen. Klagefristen er 3 veker, rekna frå den dagen vedtaket kom fram. De må opplyse datoen for mottak av vedtaket, kva for vedtak de klager på, endringar de ynskjer, og dei grunnar klagen støttar seg på. Klagen må vera underskriven. Iht. forvaltnings-lova er det innsynsrett i saksdokument.