Løyvet vert gitt for inntil fire år om gongen. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdratt til andre. Verksemda som tek over kan bruke det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnad er at søknad om nytt løyve er sendt kommunen innan 30 dagar etter inngått avtale.
Alle som driv ein serveringsstad som vil servere alkoholhaldig drikk, må ha skjenkjeløyve. Det er eit krav om serveringsløyve og god vandel.
Løyvehavar må ha styrar og stedfortredar som begge er tilsett ved serveringsstaden.
Styrar og stedfortredar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova og må vere over 20 år.
Dei må oppfylle krava i alkohollova og serveringslova.
Søknad vert avgjort av kommunestyret.
Søknadsskjema om skjenkeløyve
Skjenkeløyve - søknad (skjema.no) (elektronisk skjema)
Skjenkeløyve - søknad (PDF) (utskriftsskjema)
Skjenkeløyve for eit særskild høve (skjema.no) opent arrangement
Skjenkeløyve for eit særskild høve (skjema.no) lukka arrangement
Kontaktinformasjon
For spørsmål og saksbehandling kontakt:
Sekretær
Hege Stubsve Bang
Telefon: 32 02 91 56
E-post: hege.kristin.stubsve.bang@gol.kommune.no
For bestilling av tid til prøve kontakt:
Tenestetorget
Telefon: 32 02 90 00
E-post: tenestetorget@gol.kommune.no