Løyvet gjeld serveringsstader som skal servere mat og/eller drikke.
Den daglege leiaren på serveringsstaden må ha greidd etablerarprøva. Søkjaren eller verksemda må i tillegg ha registrert seg hjå Mattilsynet. Det må leggjast fram firmaattest og skatteattest for dagleg leiar.
Det er krav om skriftleg søknad. Kommunen vil kunne hjelpe til med å søkje om serveringsløyve.
Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar
- Namn og adresse på firma/serveringsstad og org. nr. på verksemda.
- Namn og adresse på søkjar og eigar med det økonomiske og juridiske ansvaret.
Dersom serveringsstaden er eit enkeltpersonsføretak, skal det opplysast om fødselsnummer.
- Eigarforhold og personar som direkte eller indirekte eig eller kontrollerer verksemda.
- Opplysningar om lokala der serveringa skal drivast, areal både inne og eventuelt ute og om type verksemd, driftskonsept og om opningstid.
- Namn, fødselsnummer, adresse og skattekommune på dagleg leiar.
- Skatteattest for den personen som har det økonomiske ansvaret.
- Dokumentasjon på bestått etablerarprøve.
- Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret.
- Leigekontrakt med eigar av lokala om du ikkje er eigar.
Serveringsløyve (skjema.no) (elektronisk skjema)
Serveringsløyve (PDF) (utskriftsskjema)
Kontaktinformasjon
For spørsmål og saksbehandling kontakt:
Sekretær
Hege Stubsve Bang
Telefon: 32 02 91 56
E-post: hege.kristin.stubsve.bang@gol.kommune.no
For bestilling av tid til prøve kontakt:
Tenestetorget
Telefon: 32 02 90 00
E-post: tenestetorget@gol.kommune.no