Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Frivillig og småjobben

Frivillig

Frivillig er retta mot organisasjonar, lag og foreiningar med mål om å få flest mogleg til å registrera sin organisasjon på frivillig.no.

Dette vil gi både kommuna og innbyggjerane oversikt over frivillige organisasjonar lokalt, og mangfaldet i frivillige oppdrag folk kan bidra med i lokalmiljøet.

Frivillig.no er gratis å bruka både for folk og organisasjonar.

Småjobben

Treng du litt hjelp i kvardagen?

Ei gruppe golingar med tid og lyst til å ta eit tak, står klar for å hjelpe eldre og funksjonshemma mot ei timebetaling på kr. 200,-

Er det behov for å bruke bil, må småjobbaren sjølvsagt også ha godtgjerdsel for det.

Det kan væra snørydding, plenklypping og anna hagearbeid, støvsuging, bilvask, rydding, småreperasjonar eller kanskje følgje til butikk eller lege.
Kort sagt - ting du sjølv har problem med i kvardagen, og som er av ein slik art at ein amatør kan utføre det.

Dette kan du få hjølp til:

  • Vindusvask/gardinoppheng
  • Støvsuging
  • Grasklypping/beskjæring av busker/rake lauv
  • Planting/luking/vatning
  • Trefelling/vedarbeid
  • Bilvask/hjulskift
  • Hjelp til å handle
  • Fylgje til lege/tannlege
  • Syhjelp
  • Rydding av loft/kjellar
  • Transport av gods/materiale
  • Rensing av takrenner
  • Staking av vask
  • Snømåking/strøying
  • Snekring/møbelreperasjonar/måling
  • Bytte sikring/batteri/lyspære
  • Juridisk rådgjeving
  • Hjelp med data

Ynskjer du hjelp, ring til tenestetorget på 32 02 90 00 mellom klokka 09.00 - 15.00 på kvardagar.

Tenestetorget tek imot relevant informasjon og videreformidlar oppdraget til Småjobben.

Småjobben held stengt i jule - og nyårshelga, i påskeveka og i juli månad.